Harry Johan Olai Klippenvåg () var ein norsk handelsmann og politikar fødd i Lurøy, som representerte Finnmark fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1950 til 1969.

Klippenvåg var son til ein bygningsmann. Femten år gammal tok han til å arbeide på sagbruk. Året etter byrja han arbeide som bod i Kirkenes samvirkelag, deretter var han handelsbetjent i samvirkelaget til 1940. Perioden 1941-47 var han styrar av Jakobsnes samvirkelag, og sidan eitt år forretningsførar i Sør-Varanger kommunale kraftforsyning.

Frå 1947 til -55 var Klippenvåg ordførar i Sør-Varanger. Etter stortingsvalet 1949 representerte han Finnmark og Arbeidarpartiet på Tinget. Den fyrste fireårsperioden var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, som sekretær i sesjonane 1952 og -53. Frå 1954 var han medlem i Kommunalkomiteen til hausten 1965. Han vart så sekretær i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, ein komite som frå hausten 1967 bar namnet Industrikomiteen.

Etter Klippenvåg gav seg på Stortinget hausten 1969, var han sekretær og konsulent i Riksrevisjonen til 1978.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Ordførarar i Sør-Varanger Kategori:Ap-politikarar i Finnmark Kategori:Fylkestingspolitikarar i Finnmark Kategori:Fylkestingspolitikarar frå Ap Kategori:Folk frå Sør-Varanger