Cornelis Arie Verkerk (), kjend som Kees Verkerk, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Maasdam. Han vart verdsmeister på skeiser i 1966 og 1967, europameister 1967 og i 1968 olympisk meister på 1500 meter. Verkerk er gift med ei norsk kvinne og busett i Kristiansand.

Verkerk slo gjennom i 1964-sesongen då han noko overraskande vann sølvmedaljen på 1500 m under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. To vintrar seinare vart han verdsmeister i Göteborg og kom på andreplass ved EM i Deventer. I 1967 tok han både EM-tittelen i Lahti og forsvarte VM-tittelen i Oslo. Verkerk vann så gullmedaljen på 1500 m og tok sølv på 5 000 m då Vinter-OL 1968 fann stad i Grenoble. I 1969-sesongen måtte han nøye seg med EM-sølv og VM-bronse i firkampen. Den sistnemnde medaljeplassen kopierte han både ved firkamp-VM 1970 og 1971, samt i EM 1971. Han sikra seg si siste internasjonale medalje under Vinter-OL 1972 i Sapporo, sølvmedaljen på 10 000 meter.

I tida frå februar 1967 til mars 1970 sette Verkerk åtte verdsrekordar i skeiseløp. Tre av rekordane kom på 1500 m, to på kvar av 5 000 m og i firkamp, og ein på 10 000 meter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kees Verkerk» frå , den 3. november 2016.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten