mini|Bart Veldkamp på skeiser.
Bart Veldkamp () er ein nederlandsk-belgisk skeiseløpar, fødd i Haag. Han vart europameister på skeiser i 1990 og olympisk meister på 10 000 meter under vinterleikane 1992 i Albertville.
Veldkamp representerte fødelandet Nederland i åra 1989-95. Omframt EM-tittelen 1990 og OL-gullet i 1992, vart han tredjemann i firkamp-VM 1990 og 1991, EM 1991 og på 10 000 m under Vinter-OL 1994 på Lillehammer.
Frå 1996 valde Veldkamp å representere Belgia, då han sleit med å kvalifisere seg til meisterskapane på verdas beste landslag. Under Vinter-OL 1998 i Nagano vann han Belgias fyrste olympiske medalje på skeisebanen. I 2001-sesongen overraska han stort ved å verte andremann i EM i Baselga og tredjemann i VM i Budapest. Elles sikra Veldkamp seg to sølvmedaljar og ein bronse i VM i enkeltløp i tida 1996-2001.
Veldkamp la opp i 2006.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bart Veldkamp» frå , den 4. november 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Belgiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Belgia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Belgiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Belgiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Belgiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006