Henricus Coenradus Nicolaas Vergeer (), kjend som Hein Vergeer, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Reeuwijk. Han vart både europameister og verdsmeister i firkamp åra 1985 og 1986.
Vergeer vann i 1984 den nederlandske sprintmeisterskapen på skeiser. Sesongen etter forsvarte han den nasjonale sprinttittelen, og vart nummer to i den nederlandske meisterskapen i firkamp, slått av Hilbert van der Duim. I dei internasjonale meisterskapane, EM i Eskilstuna og VM på Hamar, viste derimot Vergeer seg å vere bestemann og triumferte begge stadene med god margin til sølvvinnarane.
Vergeer forsvarte i 1986-sesongen både EM- og VM-tittelen. Under verdsmeisterskapen i Inzell var han rett nok hardt pressa av sin sterkaste rival frå VM 1985, Oleg Bozjev frå Sovjetunionen. I same sesongen vart han nasjonal meister i firkamp, ein meistertittel han forsvarte vinteren 1987. Vergeer vart tredjemann under skeise-EM 1987 i Trondheim.
Veerger la opp etter 1988-sesongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hein Vergeer» frå , den 6. november 2016.
Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988