mini|Sikh-mann med langt skjegg og håret i turban. mini|Sikh-gut med håret i knute dekt av ein rumal.

Kesj (panjabi ਕੇਸ, også skrive kesh eller kes) er ein praksis innan sikhismen som går ut på å ikkje klippa eller barbera håret. Dette er ein del av Dei fem K-ane i sikhismen. Det er vanleg å kjemma håret med ein kam (kangha, ein annan av dei fem K-ane) to gonger dagleg og setja opp håret for så å dekka det med eit klede eller ein turban.

Alle sikhar kan følgja regelen, men han er særleg vanleg for dei som er døypte inn i khalsaen. Skikken blei grunnlagd av guru Nanak, den første sikh-guruen. Guru Gobind Singh formulerte kravet om å ikkje skjera håret i 1699.

Langt skjegg og håret i ein turban gjer særleg sikh-menn lett identifiserbare både seg imellom og av andre. I nokre høve har dette ført til forfølging og mishandling, anten av dei som sikhar eller fordi dei er blitt forveksla med muslimar. I nyare tid har ein del sikhar gått bort frå kravet, som dei ser på som krevjande og umoderne.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kesh» frå , den 9. november 2016.

Bakgrunnsstoff Kesh ved SikhiWiki

Kategori:Sikhisme Kategori:Hår Kategori:Ord frå panjabi