mini|Riz gras med storfekjøt, frå Elfenbeinskysten.
Riz gras er ein kjøt- og risrett frå Burkina Faso og naboland som Guinea og Senegal. I tillegg til ris og kjøt inneheld grønsaker som aubergine (goyo), gulrot, kål, kvitlauk, lauk, paprika og tomat, tomatkonsentrat, olje, salt og buljong. Smaksingrediensane blir først steikte og så kokt møre. Deretter tek ein dei ut og koker risen i krafta. Dei blir så servert dandert på risen.
Riz gras er rekna som ein rikmannsrett med gode ingrediensar. Ein serverer gjerne retten ved festar i urbane delar av Burkino Faso. Retten kan seiast å vera ei form for jollof-ris, ei gruppe rettar som er utbreidde i heile Vest-Afrika. Han kan førast tilbake til senegalesisk tiebou djen eller thieboudienne, men skil seg frå denne ved at ein som regel bruker kjøt og ikkje fisk i retten. Riz gras er også ein enklare rett.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Riz gras» frå , den 10. november 2016.
Kategori:Burkinesisk mat Kategori:Vestafrikansk mat Kategori:Risretter Kategori:Kjøtretter