mini|Grisjin på russisk frimerke frå 2013
Jevgenij Romanovitsj Grisjin () var ein russisk skeiseløpar frå Tula som representerte Sovjetunionen. Han vann til saman fire olympiske gullmedaljar og vart i 1956 europameister på skeiser.
Aktiv Grisjin kom på tredjeplass ved skeise-VM 1954 i Sapporo. I januar 1955 sette han verdsrekord på 1500 meter med 2.09,8 og på 1000 m med 1.22,8, begge rekordane oppnådd på Medeo-bana ved Alma Ata.
Ol-sesongen 1956 byrja med at Grisjin vann europameisterskapen 1956 i Helsinki framfor norske Knut Johannesen. Før Vinter-OL 1956 tok til i Cortina d'Ampezzo sette han verdsrekord på OL-isen på 500 meter med tida 40,2 sekundar. Under sjølve vinterleikane tangerte han rekorden då han vann sitt fyrste OL-gull. To dagar seinare tok han sitt andre gull då både han og landsmannen Jurij Mikhailov fekk notert verdsrekordtida 2.08,6 på 1500 meter. Han avslutta OL-sesongen med ein tredjeplass ved VM 1956 i Oslo.
Under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley i USA, kopierte Grisjin OL-triumfane frå 1956. Vinnartida på 500 meter var den same som i 1956, før han på 1500 meter på ny delte sigeren med ein konkurrent, ved det høvet norske Roald Aas.
Den 27. januar 1963 vart Grisjin fyrstemann i verda til å gå 500-meteren fortare enn 40 sekunder i eit godkjent stemne. På Medeo-bana vart han då klokka inn på 39,6, men dagen etter forbetra han rekorden til 39,5, ein verdsrekord som stod i fem år.
Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck fekk Grisjin ein sølvmedalje på 500 meter, slått med eit halvt sekund av Richard McDermott frå USA. Han deltok også i Vinter-OL 1968 i Grenoble, der han kom på fjerdeplass på spesialdistansen.
Grisjin døydde i Moskva, 74 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jevgeni Grisjin» frå , den 13. november 2016.
Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968