Igor Nikolajevitsj Zjelezovskij () var ein skeiseløpar frå Orsja i Kviterussland som representerte Sovjetunionen og frå 1992 Kviterussland. Han vart sprintverdsmeister seks gongar i tida 1985-93.

Aktiv Heilt på tampen av 1983-sesongen sette Zjelesovskij verdsrekord på 1500 meter med tida 1.54,26 på Medeo-bana ved Alma Ata. Både i 1985 og 1986 vann han verdsmeisterskapen i sprint med klar margin, framfor høvesvis Gaétan Boucher og Dan Jansen. Den 5. desember 1987 tok han tilbake verdsrekorden på 1500 m då han på OL-isen i Calgary kom i mål på 1.52,50. Under Vinter-OL 1988 i Calgary to månader seinare fekk han bronsemedaljen på 1000 m og vart fjerdemann på 1500 m.

I slutten av februar 1989 vart Zjelezovskij verdsmeister i sprint for tredje gong. Under meisterskapen i Heerenveen forbetra han verdsrekorden på 1000 m til 1.12,58 og firkamprekorden i sprint til 145,945 poeng. Ved sprint-VM 1990 i Tromsø kom han på bronseplassen, eit stykke bak verdsmeister Bae Ki-tae frå Sør-Korea og sin eigen lagkamerat Andrej Bakhvalov.

Vintrane 1991, 1992 og 1993 vann Zjelesovskij tre strake VM-titlar i sprint. Særleg imponerte han i 1992 då han på Bislett stadion i Oslo vann alle distanseløpa og slo nestemann med nærpå to tidspoeng. Under Vinter-OL 1994 på Hamar tok han leiinga på 1000 m, men måtte sjå at Dan Jansen i eit seinare par sette verdsrekord med 1.12,43 og vann OL-gullet. Dermed avslutta Zjelesovskij idrettskarrieren med olympisk sølvmedalje som beste OL-prestasjon.

Zjelesovskij vart sovjetisk sprintmeister åra 1985-86 og 1989-91.

Frå 1992/93-sesongen representerte Zjelezovskij Kviterussland. Etter han la opp som aktiv i 1994 var han i fleire år president i Kviterussland skeiseforbund.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Igor Zjelezovski» frå , den 16. november 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Belarusiske skeiseløparar Kategori:Idrettsleiarar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Belarus Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Belarusiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994