Valerij Aleksejevitsj Muratov () er ein russisk skeiseløpar og -trenar frå Kolomna som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i skeisesprint i 1970 og 1973.
Muratov gjekk heilt til topps då den fyrste verdsmeisterskapen i sprint på skeiser vart arrangert i West Allis i delstaten Wisconsin i USA. To år seinare fekk han bronsemedaljen på 500 m under Vinter-OL 1972 i Sapporo, bak OL-vinnar Erhard Keller frå Vest-Tyskland og svenske Hasse Börjes. Seinare i sesongen vart han andremann bakom finske Leo Linkovesi då sprint-VM 1972 fann stad i Inzell.
Ved sprint-VM 1973 i Oslo vann Muratov sin andre meistertittel, med nederlendarane Jos Valentijn og Eppie Bleeker på plassane bak. I 1975 tok han si fjerde medalje i eit sprint-VM då han med sin bronseplass syrgde for at alle pallplassane gjekk til sovjet-løparar. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vann han to medaljar, fyrst tok han sølv på 500 meter bak landsmannen Jevgenij Kulikov, og så fekk han bronse på 1000 meter, slått av Peter Mueller frå USA og norske Jørn Didriksen.
Muratov vart sovjetisk sprintmeister i åra 1970-73 og 1977. Han la opp etter 1978-sesongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Valeri Moeratov» frå , den 19. november 2016.
Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976