Odde Litle Glumsson (norrønt: Oddi inn litli Glúmsson) var ein islandsk skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.
Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i OrknøyingasogaOrknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929) (kap. 85 og 88). Der er det sagt at han var frå Breidefjorden på Island og at han var dugande til å dikte. Patronymet «Glumsson» og heimstadnamnet gjer det nærliggande å gisse på at han ætta frå den kjende skalden Glum Geirason som levde på Island i tida 950-975.
Ein haust, truleg i 1148, kom han, saman med skalden Årmod, til Ragnvald Kale Kolsson jarl på Orknøyane og jarlen tok godt imot dei og gjorde dei til hirdmenn. Under eit stort julegjestebod dikta jarlen ei vise og utfordra Odde Litle til å gjere han etter, og dei to visene er sitert i Orknøyingasoga; 13. visaLausavise av Ragnvald Kale Kolsson jarl av lausaviser av Ragnvald jarl og 1. visaLausavise av Odde Litle av lausaviser av Odde Litle. Det var òg ved dette høvet at jarlen lyste ut at han ville fare på pilegrimsferd til Jorsalaheim (Jerusalem), og Odde Litle var ein dei mennene som då rådde seg til å vere med på ferda.
Om sumaren tre år seinare (1151), la dei ut frå Orknøyane med 15 storskip. I Orknøyingasoga er ferda skildra over fem kapittel (86-90); det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert fire av dei dikta som vi har etter Odde Litle; vers 2Lausavise av Odde Litle - om dronning Ermingjerd i Narbon (Ermengarde av Narbonne), 3Lausavise av Odde Litle - om vanskar på ferda, ved Nørvasund, 4Lausavise av Odde Litle - Om Torbjørn Svarte som døydde ved Akre-borga og 5Lausavise av Odde Litle - Om Torbjørn Svarte forts.]] av lausavisene.
Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Odde Litle etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.
Referansar
Bakgrunnsstoff Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning (B side 509), av Finnur Jónsson. Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie bind II (side 167/168), av Finnur Jónsson
Kategori:Islandske skaldar Kategori:Islendingar frå norrøn tid