Ivan Aleksandrovitsj Skobrev () er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Vologda. Han vart i 2011 både europameister og verdsmeister i firkamp.

Skobrev vart femtemann både under EM 2004 og 2006. Under Vinter-OL 2006 i Torino enda han på sjetteplass både på 1500 m og på 10 000 meter. I 2007 og 2008 vart han for tredje og fjerde gong nummer fem i skeise-EM. Vinteren 2009 kleiv han ein plass opp då EM 2009 vart avvikla i Heerenveen.

I EM 2010 på Hamar lukkast Skobrev endeleg å kome på pallen i ein europameisterskap, einast vinnaren Sven Kramer frå Nederland og italienske Enrico Fabris presterte betre gjennom meisterskapen. Under Vinter-OL 2010 i Vancouver vann han sølvmedaljen i milløpet, bronsemedaljen på 5 000 meter og vart nummer fire på 1500 m.

Vinteren 2011 sikra Skobrev seg laurbærkransen både då EM fann stad i italienske Collalbo og under VM i Calgary. I Collalbo sigra han etter eit jamn oppgjer mot Jan Blokhuijsen, og i Calgary hadde han sterkast konkurranse frå norske Håvard Bøkko.

I tida 2007-13 plukka Skobrev ein sølvmedalje og seks bronsar i ulike øvingar ved VM i enkeltløp. Han avslutta idrettskarrieren under Vinter-OL 2014 i Sotsji, der sjuandeplassen på 5 000 meter var hans fremste prestasjon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ivan Skobrev» frå , den 23. november 2016.

Kategori:Russiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014