It Happened at the World's Fair er det 17. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo, LPM/LSP 2697, i april 1963. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 30. august og 22. september 1962. Det nådde fjerdeplassen på Billboard Top Pop Albums.

Innhald Innspelinga var først planlagt for 28. og 29. august, men vart utsett då Presley vart sjuk og berre to av songane som vart spelte inn den første kvelden 30. august vart rekna som bra nok.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; p. 175 Ti songar vart spelte inn for albumet. To av dei var skrivne av favorittlåtskrivaren til Presley, Don Robertson (som deltok på klaverinstrument på albumet), og ein song av Otis Blackwell og Winfield Scott, som hadde skrive hitten «Return to Sender» året før.Jorgensen, op. cit., pp. 169-170. Desse tre songane, «I'm Falling In Love Tonight», «They Remind Me Too Much of You» og «One Broken Heart for Sale», vart gjevne ut på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II i 1995.

«One Broken Heart for Sale» og «They Remind Me Too Much of You» vart gjevne ut på singel den 29. januar for å marknadsføre både albumet og filmen. «Broken Heart» nådde 11. plassen på Billboard Hot 100, og B-sida 53. plassen. Singelen selde til gullplate. «One Broken Heart For Sale» vart den første singelen på RCA av Presley som ikkje nådde topp 5 på singellista, om ein ser bort frå «Shake Rattle and Roll» som vart gjeven ut 31. august 1951 samstundes med alle dei andre songane frå debutalbumet til Presley.Jorgensen, op. cit., pp. 178.

Albumet vart opphavleg planlagt med eit folda album, men med berre 20 minuttar med musikk og det relativt dårlege salet til «One Broken Heart For Sale» vart ideen skrinlagd. I 2003 vart It Happened at the World's Fair gjeven ut på Follow That Dream med originalalbumet og fleire alternative opptak.Kjelder:

Medverkande Elvis Presley – vokal The Jordanaires – korvokal The Mello Men – korvokal Clifford Scott – saksofon Scotty Moore, Billy Strange – elektrisk gitar Tiny Timbrell – akustisk gitar Dudley Brooks, Don Robertson – piano, orgel Ray Seigel – kontrabass D. J. Fontana, Frank Carlson Hal Blaine – trommer

Innhald Original

Follow That Dream-utgåva frå 2003

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «It Happened at the World's Fair (album)» frå , den 27. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff LPM-2697 It Happened At The World's Fair Guide part of the The Elvis Presley Record Research Database LSP-2697 It Happened At The World's Fair Guide part of the The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1963 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Album produserte av Leith Stevens