Fun in Acapulco er det 19. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 2756, i november 1963. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 22. og 23. januar 1963 og i RCA Studio B i Nashville den 26. og 27. mai 1963. Albumet nådde tredjeplassen på Top LP's-lista i USA. Albumet og filmen vart det siste Presley gav ut før Beatlemania.
Innhald Filmen var den tredje tropiske «reisefilmen» Presley deltok i for Paramount Pictures etter Blue Hawaii og Girls! Girls! Girls!, og denne gongen var Elvis i Mexico. Fleire av dei faste låtskrivarane til Presley leverte songar som passa til filmen, med titlar som «Marguerita», «El Toro», «You Can't Say No In Acapulco» og «The Bullfighter Was A Lady».Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 177-178 I tillegg finn ein standardlåten «Guadalajara» av Pepe Guízar frå 1937. Presley fekk med seg trompetistane Rudolph Loera og Anthony Terran på innspelinga, og framførte songane med større entusiasme enn dei siste filmmusikkinnspelingane hans. Fire av desse songane vart sidan gjevne ut på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II i 1995: tittelsporet, «Mexico,» «Marguerita» og songen som vart gjeven ut som den første singelen, «Bossa Nova Baby».
«Bossa Nova Baby» kom i butikkane ein månad før albumet, i lag med sporet «Witchcraft» av rhythm and blues-låtskrivaren og arrangøren Dave Bartholomew og som var ein hit for The Spiders i 1956. At bossa nova-bølgja frå 1960-åra var eit brasiliansk fenomen og ikkje eit mexicansk fenomen verka å bety lite, sidan singelen nådde åttande plassen på Billboard Hot 100 og 20. plassen på R&B-lista.
For å kompensere for det korte, ti spor lange It Happened at the World's Fair, insisterte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, på at Fun in Acapulco skulle bli verdt pengane.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 184. Det vart lagt til to songar, «Love Me Tonight» og «Slowly But Surely» frå ei avkorta albuminnspeling frå mai 1963, slik at det totale talet kom opp i tretten songar.
I 2003 vart Fun in Acapulco gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream med mange alternative opptak av songane.Kjelder:
Medverkande Elvis Presley – vokal The Jordanaires – korvokal The Amigos – korvokal Anthony Terran, Rudolph Loera – trompetar Scotty Moore – elektrisk gitar Barney Kessel – akustisk gitar Tiny Timbrell – akustisk gitar, mandolin Dudley Brooks – piano Ray Seigel – kontrabass Emil Radocchi – perkusjon D.J. Fontana, Hal Blaine – trommer
Innhald Original release
Singel UtgjeveKatalognummerSongtitlarListeplasseringUSUK, insert bookletOktober 1963RCA 47-8243RCA 1374«Bossa Nova Baby» med «Witchcraft»()8 3720 —13 — Follow That Dream-utgåva frå 2003
Lister Album ÅrListerPlassering1963Billboard Pop Albums3
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fun in Acapulco (album)» frå , den 29. november 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1963 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album