mini|Strukturen til D- og L-arabinose

Arabinose (kjemisk formel ) er eit monosakkarid og ein pentose. Det er eit kvitt, krystallinsk stoff med søt smak. Båe dei optisk aktive formene av stoffet finst i naturen. Den høgredreiande L(+)-arabinosen er med i arabinsyre, som vidare er med i gummi arabicum. Dette har gjeve sakkaridet namnet arabinose.

Venstredreiande arabinose finst i urinen ved visse sjukdomstilstandar.

Kjelder

Kategori:Karbohydrat