«Guitar Man» er ein song frå 1967 av Jerry Reed. Han nådde 53. plassen på countrylista i USA med songen i 1967.

Kort tid etter singelen til Reed kom ut, spelte Elvis Presley inn songen og Reed sjølv spelte gitar på versjonen. Denne vart ein liten country- og pophit. I følgje Peter Guralnick i biografien sin om Presley, hadde Presley prøvd å spele gitar på songen sjølv, men var ikkje nøgd med resultatet. Han ønskte derfor at Reed sjølv skulle komme i studio. Singelen låg ei veke på toppen av countrylista.

Tretten år seinare vart «Guitar Man» spelt inn på ny i eit nytt elektrisk arrangement, men med originalvokalen til Presley. Denne versjonen nådde ellevteplassen på countrylista og 28. plassen på Billboard Hot 100.

Lister

Jerry Reed Liste (1967)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles53

Elvis Presley Liste (1981)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles1U.S. Billboard Hot 10028U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks16Canadian RPM Country Tracks1Den britiske singellista19 (1968)Dutch Top 4039Australian Kent Music Report73

Innspelingar

Ein nederlandsk versjon av songen, òg kalla «Guitar Man», vart omsett av John Spencer og Tom Peters og framført av John Spencer i 1985.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Guitar Man (Jerry Reed song)» frå , den 6. desember 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista Kategori:Jerry Reed-songar Kategori:Songar skrivne av Jerry Reed Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:The Jesus and Mary Chain-songar