Mari Kristine Søbstad Molid () er ein norsk handballspelar frå Trondheim som sidan 2016 spelar på danske Randers HK. I perioden 2010-16 vann ho to VM-gull, eitt EM-gull og OL-bronse med det norske handballandslaget. Molid er ein høgrehendt rykkrom-spelar med «meget gode forsvarskvaliteter».
Molid var i yngre år medlem i Kolstad IL, før ho i tida 2006-12 var aktiv på det norske topplaget Byåsen IL. Deretter spelte ho i to sesongar på Levanger HK (2012-14) og like lenge i Larvik HK (2014-16). Sommaren 2016 flytta ho over til danske Randers.
Molid debuterte på landslaget mot Sverige 22. september 2010, og fekk plass i mannskapet som tok gull i handball-EM 2010 mindre enn tre månader seinare. Eitt år etterpå vart ho også verdsmeister då Noreg vann VM-finalen 2011 i Sao Paulo med åtte mål over Frankrike. Ho var korkje med i Sommar-OL 2012 eller handball-EM same året, men deltok handball-VM 2013. Etter å ha vore utelaten frå EM-troppa 2014, kom ho tilbake og vart verdsmeister for andre gong i 2015. Under Sommar-OL 2016 spelte ho på det norske bronselaget.
Merittar EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike VM 2013: Nr 5 med Noreg VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 over Nederland Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 over Nederland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mari Molid» frå , den 8. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Folk frå Trondheim