Birsay er ein tettstad i eit sokn () med same namn, nordvest på øya MainlandI dei tidlegaste referansane til Mainland, vart øya kalla «Hrossey», som kan tyde «heste-øya», eller kanskje viser til mannsnamnet «Hross». Etter kvart vart øya på norrønt kalla «megin-land», som tyder «hovudlandet», og i nyare språkbruk er blitt til «Mainland». på Orknøyane, om lag 31 km frå Kirkwall. Staden er omtala fleire stader i Orknøyingasoga,Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929) der han er kalla «Byrgesherad» (norrønt Birgisherað). Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet Birgisá.Mémoires de la Société royale des antiquaires du nord archive.org (om Birsay/Birgisá: s. 245)
Den gamle hovudstaden
mini|venstre|Tettstaden Birsay på Orknøyane. Ruinane av jarleplasset om lag midt i biletet. mini|Utsikt mot Birsay og Brough of Brisay Soknet er i dag i hovudsak ei jordbrukskommune men er mest kjend for dei mange kulturminna i området. Tettstaden Birsay blir gjerne omtala som «den gamle hovudstaden på Orknøyane»Birsay Den gamle hovudstaden på Orknøyane, og ein viser då gjerne til Orknøyingasoga (kap.31) som fortel at orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson den mektige «hadde jamleg sitt sæte i Byrgesherad» og til opplysinga (i kap. 52) om at staden var det første bispesetet på Orknøyane.
I nærleiken av tettstaden finn ein tidvassøya Brough of Birsay,Brough of Birsay Historic Environment Scotland der ein har funne spor av både piktisk og norrøn busetjing. Der er òg restar av eit kompleks av bygningar, mellom anna eit kyrkjebygg som kanskje har høyrt saman med eit kloster. Det har tidlegare vore ein teori om at setet til Torfinn jarl var ute på øya, men i dag trur ein at det må lokaliserast til nærleiken av tettstaden Birsay på Mainland. mini|St. Magnus kyrkja i Birsay mini|Mans Well (Magnuskjelda), ikkje langt frå Birsay. Etter legenda, staden der liket av Magnus den heilage vart vaska, etter at han var blitt drepen.
Bispesetet mini|Jarlepalasset i Birsay, sett frå inngangen i sør. (Fotografi frå 2007) mini|Jarlepalasset i Birsay (Fotografi frå 2007) Då Torfinn jarl kom attende til Orknøyane tidleg i 1050-åra, etter å ha vore på pilegrimsferd til Roma, slutta han med å fare i hærferd, og OrknøyingasogaOrknøyingasoga, kapittel 31 fortel at han då let bygge ei KristkyrkjeOrknøyingasoga omtalar Kristkyrkja som «ei gjev kyrkje», på norrønt: Kristskirkju, dýrðligt musteri. i Birsay. Det blir òg sagt at der vart etablert det første bispesetet på Orknøyane,Det er verd å merke seg at bispesetet i Birsay vart grunnlagt før nokon av dei første bispeseta i Noreg, t.d. Selja og Nidaros som vart etablert av kong Olav Kyrre. og Kristkyrkja fungerte dermed som bispedømet sin katedral (domkyrkje). Kyrkjehistorikaren Adam av BremenAdam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (fjerde bok, kap. 35) (Aschehoug 1993) opplyser at erkebiskop Adalbert i Hamburg-Bremen, etter påbod frå paven (iussu papae), vigsla ein mann med det norrøne namnet «Thorulf» til biskop i BlasconaLærde brev fraa og til P. A. Munch («in civitatem Blasconam» s.374) på Orknøyane.
Torfinn jarl skal sjølv ha blitt gravlagt ved kyrkja då han døydde omkring 1065, og seinare (omkring 1115) vart òg sonesonen hans, Magnus Erlendsson jarl (den heilage Magnus), gravlagt der.
Omkring 1136 fekk biskop Vilhelm den gamle visse for at Magnus jarl var heilag, og han let då kista hans grave opp og leivningane vart lagt i eit skrin og plassert på altaret, inne i KristkyrkjaOrknøyingasoga, kapittel 57 Ikkje lenge etter, truleg det same året, vart relikviane etter Magnus jarl flytta til Kirkwall, for nokre år seinare å bli sett inn i den nybygde St. Magnuskatedralen. Samstundes vart òg bispesetet flytta til Kirkwall. Den vesle Kristkyrkja i Birsay var då ikkje lenger den viktigaste kyrkja på Orknøyane, men etter den tida var ho truleg i lang tid i bruk som soknekyrkje for folket i regionen.
Omkring 1664 vart kyrkja ombygd, eller ei ny soknekyrkje vart bygd om lag på same staden, og ho fekk namnet St Magnus kyrkja.St Magnus Church, Birsay Ein har funne eldre bygningsrestar i det sør-austlege hjørnet av grunnmuren, som truleg skriv seg frå den opphavlege Kristkyrkja. Så seint som på slutten av 1800-talet, skal folk på staden framleis ha omtala kyrkja som «the Christ's Kirk».
Truleg hadde biskopane på Orknøyane seinare i mellomalderen, framleis ein residens i Birsay, nemnt med det latinske namnet «Mons Bellus».
Kyrkja har i dag ikkje lenger funksjon som eit gudshus, og «The Magnus Church Birsay Trust» eig no kyrkja og syter for drift og vedlikehald.
Jarlepalasset Ruinane som i dag blir kalla «Jarlepalasset i Birsay»The Earl’s Palace, Birsay orkneyar.comEarl's Palace, Birsay Historic Environment Scotland er restane av eit slott som vart bygt av Robert StewartEarl Robert Stewart History of the Stewarts (1533-1593), 1. jarlen av Orknøyane. Han var ein uekte son av den skotske kongen Jakob (James) V (1512-1542) og halvbror til Maria I av Skottland (Maria Stuart).
Palasset vart bygt i to fasar, først i 1570-åra og seinare i 1580-åra, og er konstruert like mykje som ei festning som ein residens. Etter at Robert Stewart døydde, vart palasset berre tidvis brukt av jarlane på Orknøyane og alt på byrjinga av 1700-talet kom det i sterkt forfall. I dag er det vanskeleg å få noko godt inntrykk av korleis anlegget kan ha sett ut i sine glansdagar, men i 1633 vart det omtala som ei «overdådig og staseleg bygning» (sumptuous and stately building).
Drift og vedlikehald av palasset blir i dag utført av Historic Environment Scotland.
Notar
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Monumenta Orcadica av Johan Meyer. The Northern Earldoms, av Barbara E. Crawford (2013) ISBN 978 1 904607915
Kategori:Byar og landsbyar på Orknøyane Kategori:Geografi på Orknøyane Kategori:Orknøyane