mini|Stortingets jernbanekomité ved Skoganvarre fjellstove i 1923

Skoganvarre (nordsamisk Skuvvanvárri, finsk Skuukanvaara) er ei bygd ved foten av Skuvvanvárrefjellet, ved sørenden av Øvrevatnet i Finnmark fylke. Bygda vaks fram då staten bygde ei fjellstove der på midten av 1800-talet.Bergh, R., Skuvvanvárri - Det susende fjell, Universitetsforlaget 1976. Ho ligg omlag midtvegs mellom Lakselv og Karasjok. I 2017 hadde Skoganvarre 54 innbyggjarar.

Før det vart bygd veg, var fjellstova på Skoganvarre viktig for samferdsla mellom Lakselv og Karasjok, og mellom Alta og Tanadalen. Vegen mellom Lakselv og Skoganvarre vart opna i 1925, og vart etter kvart ført heilt fram til Karasjok. Etter dette var ikkje fjellstova på Skoganvarre like viktig som før. I 1944 vart både fjellstova og resten av bygda brende av tyskarane som del av den brende jords taktikk. Etter krigen vart ikkje fjellstova bygd opp att, men i staden blei det opna campingplass her i 1969.

Skoganvarre er sjekkpunkt i Finnmarksløpet.

Folk frå Skoganvarre Hans Kristian Amundsen (1959-2018), statssekretær

Referansar

Kategori:Busetnader i Porsanger Kategori:Bygder i Finnmark