Viroidar er små (246–401 nukleotid) enkelttråda RNA-molekyl som kan øksla seg i planter, der dei valdar symptom som liknar på virusinfeksjon. Viroidane er sirkulære og kodar ikkje for protein. Dei nyttar RNA-polymerasar i verten under prosessen med å laga kopiar av seg sjølve.
Artar av viroidar vert delte opp i to kategoriar etter kvar dei økslar og samlar seg:
Pospiviroidae: i sellekjernen Avsunviroidae: i kloroplastane
Den fyrste viroiden som vart oppdaga var Potato spindle tuber viroid (PSTVd), ein viroide som valdar sjukdom i potetplanta.
Det finst teikn på at viroidar kan ha eit evolusjonært opphav uavhengig av virusa.
Kjelder