GC-innhaldet er prosenttalet av cytosin og guanin i ei viss mengd nukleinsyre (DNA eller RNA); til dømes i heile genomet til ein organisme. Dei fleste eukaryote organismane har eit GC-innhald i genomet sitt på 40–45 %, medan bakteriar og arkar ymsar mykje meir. Hjå bakteriane har Ureaplasma urealyticum eit GC-innhald på 26 % og Streptomyces coelicolor 72 %.
Kjelder
Kategori:DNA Kategori:Genetikk