Pandeiro (portugisisk uttale ) er ein type handhalden rammetromme som er utbreidd i Brasil og i brasiliansk musikk.
Trommeskinnet kan stemmast. Langs kantane heng metallskiver (platinelas) som på ein tamburin, men runda slik at dei gjev ein sprøare, meir kortvarig lyd enn dei på tamburinen.
For å spela pandeiro held ein tromma i ei hand og slår på skinnet med den andre. For å variera lyden kan ein bruka tommel, fingeerspisser, handbak og handflata til å slå med. Ein kan også rista tromma for å laga lyd, eller dra ein finger over skinnet for å laga ein trommekvervel.
Pandeiro blir brukt innan fleire ulike brasilianske musikkstilar som samba, choro, coco og som akkompagnement til capoeira.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pandeiro» frå , den 9. januar 2017.
Bakgrunnsstoff Pandeirointroduksjon (video) ved World Drum Club
Kategori:Handtrommer Kategori:Brasiliansk musikk Kategori:Portugisiske ord og uttrykk