mini|Silje Solberg i 2016. Silje Margaretha Solberg-Østhassel () er ein norsk handballspelar frå Bærum som frå hausten 2024 spelar for Vipers. Målvakta har i tida 2014-24 vunne fire EM-gull, to VM-gull og OL-gull 2024 med Noregs landslag. Per august 2024 hadde ho delteke i 214 landskampar for Noreg og skåra 9 mål. Kantspelaren Sanna Solberg er tvillingsystera hennar.
Karriere Klubbspel Solberg spelte i yngre år handball med Jar IL og og Helset IF. I 2010 melde ho overgang til toppserielaget Stabæk IF. Saman med tvillingsystera spelte ho NM-finale 2011, ein kamp der Stabæk som forventa vart for svake mot meisterlaget Larvik HK. Sommaren 2014 flytta ho til Danmark og spelte i to år på topplaget Holstebro. Med Holstebro vann ho i 2015 EHF-pokalen og i 2016 Cupvinnarcupen. Sommaren 2016 gjekk ferda vidare til franske Issy Paris.
Landslagsspel Sommaren 2010 vakta Solberg buret då Noreg gjekk heilt til topps i junior-VM. Ho meisterskapsdebuterte på toppnivå då Noreg nådde finalen under EM 2012 i Serbia, ein kamp der Noreg tapte mot Montenegro etter ekstraomgangar. To år seinare vart ho likevel europameister etter norsk finalesiger mot Spania, ein meisterskap der Solberg gjennom glitrande målvaktsspel vart vald til å vere med i den utvalde meisterrekka (All-Star-Team). Året etterpå vann ho og Noreg gull då VM 2015 fann stad i Danmark. Solberg kom ikkje med i OL-troppa til Rio de Janeiro i august 2016, dit Noreg sende målvaktene Kari Aalvik Grimsbø og Katrine Lunde. Til EM 2016 fire månader seinare var det Lunde som vart vraka frå troppa, og Solberg svarte på tilliten med mykje godt målvaktsspel då ho vart europameister for andre gong.
Merittar landslag EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark
Merittar klubblag Vinnar av EHF-pokalen 2015 med Holstebro Vinnar av Cupvinnarcupen 2016 med Holstebro
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Silje Solberg» frå , den 14. januar 2017. Landskampstatistikk til Silje Solberg.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2019 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Bærum