mini|Strukturen til tre ketosyrer, frå topp til botn: pyrodruesyre, acetoeddiksyre og levulinsyre Ketosyrer er organiske syrer som inneheld ei ketogruppe (–CO) i strukturen sin. Ei særleg viktig gruppe av ketosyrer er dei som har ketogruppa i nabostilling (α-stilling) til karboksylgruppa. Dette er syrer med generell struktur R–CO–COOH, der R er ei organisk-kjemisk gruppe. Dei oppstår til dømes ved oksidativ deaminering av aminosyrer, og dessutan ved transamineringsreaksjonane til aminosyrene. Eit døme er pyrodruesyre med strukturen , som òg oppstår i glykolysen. Ei anna viktig gruppe av ketosyrer er β-ketosyrer, som er syrer med generell struktur . Dei oppstår under enzymatisk nedbryting av feittsyrer i organismen og under feittsyrebiosyntesen.

Kjelder