Elvis: That's the Way It Is er det 40. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records i november 1970. Det består av åtte songar spelte inn i RCA Studio B i Nashville, og fire konsertopptak innspelt på The International Hotel i Las Vegas. Det kom ut samstundes som dokumentarfilmen med same namn (sjølv om det ikkje vert rekna som eit filmmusikkalbum). Albumet nådde 21. plassen på Billboard 200 og ein åttandeplass på countrylista. Det selde til gullplate 28. juni 1973 hos Recording Industry Association of America. Merk: Søk på «That's the Way It Is»

Utgjevingar Den originale vinylplata bestod av åtte spor spelte inn i studioet i Nashville i juni 1970. Denne innspelinga førte òg til fleire singlar og albumet Elvis Country. Fire spor var opptak frå august 1970 ved The International Hotel i Las Vegas. Songen «You Don't Have to Say You Love Me» var blitt gjeven ut på singel på førehand den 6. oktober, og B-sida, «Patch It Up», var eit konsertopptak. «The Next Step is Love» hadde tidlegare vore gjeven ut som B-side i juli 1970, og A-sida «I've Lost You» finst her som eit konsertopptak. Konsertversjonen av «I Just Can't Help Believin'» frå dette albumet vart gjeven ut på singel i Storbritannia i november 1971 og nådde sjetteplassen på singellista der. B-sida til denne singelen, «How the Web Was Woven», var òg henta frå dette albumet. Ein versjon frå ei øving av den sistnemnde songen finst i dokumentarfilmen Elvis: That's the Way It Is.

Den 11. juni 2000 vart ei spesialutgåve på tre CD-plater gjeven ut. Det inneheld det originale albumet i nymastra lyd, med bonusspor som vart spelte inn på den same tida. Samlinga inneheld òg heile midnattskonserten frå 12. august 1970 ved The International Hotel og øvingar frå seint i juli og tidleg i august før desse konsertane. Bonusspora inneheld òg konsertopptak som tidlegare var gjevne ut på Walk A Mile In My Shoes: The Essential 70s Masters, fem spor var gjevne ut på studioplater av Presley i 1970-åra og singelen «Rags to Riches» frå februar 1971.

I 2008 kom ei utgåve ut på Follow That Dream med to plater, og eit hefte på 20 sider. Denne utgåva inneheld heile det originale albumet, i tillegg til bonusspor og unytta opptak. I 2009 kom Follow That Dream ut med The Wonder of You som inneheld heile konserten frå 13. august 1970. Somme filmopptak frå denne konserten finst i dokumentarfilmen.

Den 6. juli 2012 gav Follow That Dream ut ei dobbel LP-utgåve av albumet.

Medverkande Studioopptak Elvis Presley – vokal, gitar James Burton – sologitar Chip Young – rytmegitar David Briggs – piano, orgel Norbert Putnam – bass Jerry Carrigan – trommer Charlie McCoy – orgel, munnspel Farrell Morris – perkusjon, vibrafon Weldon Myrick – steelgitar The Jordanaires – korvokal The Imperials – korvokalKonsertopptak Elvis Presley – vokal, gitar James Burton – sologitar John Wilkinson – rytmegitar Charlie Hodge – akustisk gitar, vokal, scarves Glen Hardin – piano, Rhodespiano Jerry Scheff – bass Ronnie Tutt – trommer Millie Kirkham – korvokal The Sweet Inspirations – korvokal The Stamps Quartet – korvokal The Imperials – korvokal The Joe Guercio Orchestra

Innhald

Originalutgåve

2000-utgåva

FTD-utgåve frå 2008

LP-utgåve frå 2012

Lister Liste (2000 Special Edition) Plassering NederlandNederlandsk Charts - That's the Way It Is (Special Edition) 87

Kjelder Denne artikkelen bygger på «That's The Way It Is (Elvis Presley album)» frå , den 18. januar 2017. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Felton Jarvis Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Engelskspråklege album