Alaskabukta er ei bukt som strekkjer seg langs sørkysten av den amerikanske delstaten Alaska. Bukta utgjer havområdet innanfor ei tenkt line på kilometer frå det sørlegaste punktet på øya Kodiak i vest til Dixon Entrance, mellom øyane Dall i Alaska og Graham i canadiske British Columbia i aust.Geographic Names Information System, Feature Detail Report for: Gulf of Alaska. Besøkt 3. september 2014.

Frå kysten av Alaskabukta går det ei rekkje fjordar, bukter og sund. Den lengste av desse er 290 kilometer lange Cook Inlet, som ligg vest for Kenaihalvøya. Aust for halvøya ligg Prince William-sundet. Langs austkysten ligg Alexanderarkipelet med over tusen øyar.

Naturen langs kystlina er ein kombinasjon av skog- og fjellområde med flere isbrear, mellom anna dei to største i Alaska, Malaspina- og Beringbreen. Store delar av området er verna. Mellom anna ligg Kenai Fjords, Warangell-St. Elias og Glacier Bay nasjonalpark her.

Sjå ògg Exxon Valdez-forliset

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alaskabukta» frå , den 21. januar 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stillehavet Kategori:Geografi i Alaska Kategori:Bukter i USA