Marjatta Kajosmaa () er ein finsk tidlegare langrennar frå Vehkalahti heilt sør og langt aust i Finland. I tida 1970-76 vann ho fire OL-medaljar og to VM-medaljar, fire i sølv og to i bronse.

Kajosmaa meisterskapsdebuterte med to femteplassar i dei individuelle tevlingane under Vinter-OL 1968 i Grenoble. To år seinare vann ho sølvmedaljen på 10 km og ho gjekk Finland inn til bronse i 3 x 5 km stafett då Ski-VM 1970 vart arrangert i Strbske Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia. Under vinterleikane 1972 i Sapporo tok ho medaljar i alle tre langrennsøvingane for kvinner. Etter bronsemedalje på 10 km sikra ho seg sølvmedaljen på 5 km, fem sekundar bak vinnaren Galina Kulakova, og ho avslutta med å gå Finland inn til sølv i 3 x 5 km stafett etter at Helena Takalo og Hilkka Kuntola hadde gått gode etappar. Fire år seinare tok dei same tre finske langrennarane, pluss Liisa Suihkonen, eitt nytt stafettsølv ved OL 1976 i Innsbruck, då øvinga heitte 4 x 5 km stafett. Både i 1972 og -76 vart Sovjet-kvinnene for sterke.

Kajosmaa vann sju tevlingar under Holmenkollrenna, med dobbeltsigrar i 1969, -72 og -73, samt siger på 10 km i 1971. Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1971.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Finske langrennsløparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976