Hermund Eian () var ein gardbrukar, fiskar og politikar frå Roan i Sør-Trøndelag. Han representerte Sør-Trøndelag og partiet Høgre på Stortinget frå 1969 til han døydde.
Far hans var gardbrukar og fiskar, og han tok sjølv over farsgarden Eian i Roan i 1959. Før den tid var han gardsarbeidar til han gjekk landbruksskule i 1944/45. Deretter var han sjømann til han gjekk Hærens sambandsskule i 1948/49 og Skjetlein jordbruksskole. Han tok også kurs i navigasjon og handelsfag og var fiskar 1951-53, og sidan skipper og handelsreisande i åra fram til 1958.
Eian var formann 1952-54 i Roan Ungdomslag og 1960-63 og 1966-67 i Roan Bondelag, samt formann 1970-81 i representantskapet i Bjørnør Sparebank.
Eian var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag frå hausten 1969 til han døydde. Dei fire fyrste åra på Stortinget var han medlem i Landbrukskomiteen. Hausten 1973 tok han plass i Sjøfarts- og fiskerikomitéen, der han var nestformann til 1981, og sidan formann til døden melde seg vinteren 1983. Jamsides var Eian medlem 1970-76 av Høgre sitt kommunalutval og 1970-74 i det distriktspolitiske utvalet til partiet. Frå 1981 var han så medlem av sentralstyret i Høgre.
Etter Eian døydde i 1983, rykka Harald Ellefsen opp til fast representant.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Folk frå Roan