Eit militærdistrikt i Russland er ei territoriell, militæradministrativ oppdeling for landstyrkar, marine og luftstyrkar i fredstid. Oppgåva er styrkeproduksjon, utvikling av taktikk og operasjonell dugleik i krig, i tillegg til utvikling av garnisonar og annan infrastruktur for dei ståande styrkane i fredstid. I krig, forhøgd beredskap og i krise blir det skipa ein fellesoperasjonell strategisk kommando (Objedinjonnije Strategitsjeskije Komandovanii — OSK).

Militærdistrikt som vart skipa i 2010: Vestre militærdistrikt med hovudkvarter i Sankt Petersburg Søre militærdistrikt med hovudkvarter i Rostov-na-Donu Sentrale militærdistrikt med hovudkvarter i Jekaterinburg Austre militærdistrikt med hovudkvarter i Khabarovsk

OSK Nord vart skipa i 2014 som eit framtidig eige militærdistrikt med utgangspunkt i Nordflåten.

Litteratur Военный энциклопедический словарь. — Moskva, Военное издательство, 1984, 863 sider. с иллюстрациями (ил.), 30 листов (ил.) Статистический ежегодник России. 1913. Издание ЦСК МВД. - СПб., 1914. — Отдел I. — С. 28. //Военный округ Энциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона : в 86 т. (82 т. и 4 доп.). — СПб., 1890—1907. Советские Вооруженные Силы, Moskva, 1978, 516 sider. Kjelder Denne artikkelen bygger på «Militærdistrikt (Russland)» frå , den 28. januar 2017.

Kategori:Det russiske forsvaret