Rolf Nilssen () var ein norsk arbeidar og kontorist frå Narvik. Han representerte Troms fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1977–1989.
Nilssen var son til ein anleggsarbeidar, og var sjølv maskinarbeidar 1948-49 ved LKAB i Narvik. Deretter arbeidde han som fyrbøtar på NSB sine lokomotiv fram til 1962. Åra 1962-65 var han LO-sekretær i Nordland med bustad i Bodø. I 1965 flytta han til Tromsø, då han vart tilsett som leiar av LO sitt distriktskontor i Troms.
Frå 1952 til 1963 hadde Nilssen plass i formannskapet i Narvik. Også i Tromsø var han formannskapsmedlem, då i dei åtte åra frå 1968 til -75. Perioden 1974-78 var Nilssen landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti.
Hausten 1977 vart Nilssen vald til stortingsrepresentant frå Troms. Med attval i 1981 og 1985 vart han sitjande på Tinget i tolv år. Dei fyrste tre månadene var han medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen, resten av den fyrste fireårsperioden var han med i Finanskomiteen. Han var så medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen frå oktober 1981 til mai 1986, sidan var han nestleiar i same komiteen.
Han var nevø av politikaren Alfred S. Nilsen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Folk frå Tromsø