Pave Celestin III () var pave frå mars/april 1191 til han døydde.
Celestin III var fødd inn i orsinifamilien, ein av de viktigaste italienske adelsfamiliane, som Giacinto Bobone. Den 30. mars 1191 blei han vald til pave, trass i at han berre var diakon. Han blei prestevigd den 30. mars 1191 og truleg bispevigd same dagen.
mini|venstre|Pave Celestin kronar Henrik til keisar. Illustrasjon frå Liber ad honorem Augusti frå 1196. Dagen etter at han blei vald ril pave krona Celestin III den tysk-romerske keisaren Henrik VI. Seinare ekskommuniserte han den same keisaren for å halda Rikard Løvehjarte i fangenskap.
I 1192 bekrefta han statuttane til Den tyske ordenen.
Mot slutten ønskte Celestein å abdisere, men kardinalane aksepterte ikkje ønsket, og han blei verande pave til han døydde.
Pave Celestin døyde 8. januar 1198, ca. 92 år gammel. Han blei gravlagd i Laterankyrkja.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Celestin III» frå , den 1. februar 2017.
Bakgrunnsstoff The Cardinals of the Holy Roman Church
Kategori:Pavar Kategori:Italienske pavar Kategori:Medlemmar av Orsinislekta Kategori:Folk frå Roma