Trøndelag Folkemuseum, eller Sverresborg, er eit stort kulturhistorisk museum på Sverresborg i Trondheim. Det omfattar rundt 60 bygningar og samlingar av gjenstandar, fotografi og arkivmateriale.
Friluftsmuseet har ei bygdeavdeling med bygningar frå ulike deler av Trøndelag og ei byavdeling, Gammelbyen, med bygningar frå Trondheim sentrum. Publikumsbygget opna i 1999, og i 2000 opna basisutstillinga «Livsbilder». Museet har også ei stor samling av arkivmateriale og fotografi. Dei vel 60 bygningane som er gjenreist på museumsområdet kjem frå ulike tidsrom og stad. Den eldste bygningen er Haltdalen stavkyrkje frå Haltdalen, som blei bygd på 1170-talet. Dei fleste bygningane er frå 1700- og 1800-talet.
Trøndelag Folkemuseum blei offisielt stifta i 1913, men arbeidet med å samle gamle bygningar hadde då pågått i fire år. I 1914 blei museet etablert på Sverresborg, nærare bestemt området rundt ruinane av Kong Sverre si borg på Byåsen i Trondheim. Museumsområdet som blir brukt i dag er på ca. 150 dekar, med rom for utviding på endå 150 dekar.
Trøndelag Folkemuseum har også ansvar for drift av Meldal Bygdemuseum, Trondhjems Sjøfartsmuseum og Norsk Døvemuseum. Museet er ein del av Museene i Sør-Trøndelag AS (MiST).
Det var tusenårsstad for Sør-Trøndelag.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trøndelag Folkemuseum» frå , den 2. februar 2017.
Bakgrunnsstoff
Litteratur Mellemsether, Hanna; Reiersen, Elsa og Søholt, Petter (2009): "En Smuk Fremtid" Trøndelag Folkemuseum Sveresborg 100 år. Trondheim. ISBN 978-82519-2482-5
Kategori:Museum i Trondheim Kategori:Kulturhistoriske museum Kategori:Friluftsmuseum i Noreg Kategori:Tusenårsstader Kategori:Skipingar i 1909 Kategori:1909 i Noreg