Carl Johan Severin Steen () var ein norsk sorenskrivar fødd i Lom i Oppland, stortingsrepresentant i 1874.

Steen var son til ein sokneprest. Han vart student i 1843 og cand.jur. i 1851. Dei neste fire åra var han fullmektig hos sorenskrivar. Frå 1856 var han overrettssakførar i Førde, ei tid konstituert fut i Sunnfjord.

Steen var åra 1870-73 ordførar i Førde og samstundes amtsrevisor i Nordre Bergenhus amt. På valtinget 1873 i amtet vart han kåra til stortingsmann. Han møtte 1874-sesjonen på Stortinget og var medlem i budsjettkomiteen. Allereie 18. april 1874 vart han permittert grunna sjukdom. To månader seinare døydde han, ugift.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Lom Kategori:Folk frå Førde