Carl Fredrik Lowzow () var ein norsk ingeniør og politikar frå Oslo. Han representerte Akershus fylke og partiet Høgre på Stortinget i tida 1977-89.
Lowzow var son til ein revisor. Etter studenteksamen i 1945 utdanna han seg i 1950 til sivilingeniør ved maskinlina på Heriot Watt University i Skottland. Sidan arbeidde han som konstruktør ved Akers mekaniske verksted i to år, deretter salsingeniør i Von der Lippe Co. 1952-55. I tida 1955-66 var han vedlikehalds- og anleggsingeniør i Dyno industrier og åra 1966-85 overingeniør ved Fjeldhammer Brug. Til sist ei tid administrerande direktør i Skedsmo & Sørum Elektrisitetsforsyning.
Frå 1968 til -75 var Lowzow medlem i Skedsmo kommunestyre, medan han i periodane 1976-79 og 1991-95 hadde plass i Akershus fylkesting. Dei tolv åra 1977-89 representerte han Akershus og Høgre på Stortinget. I nasjonalforsamlinga arbeidde han særleg med nærings- og samferdslepolitikk, mellom anna var han saksordførar for det som vart Norsk veg- og vegtrafikkplan for 1990-93. Han var medlem i Samferdselskomitéen periodane 1977–81 og 1985–89, i den mellomliggande perioden 1981-85 var han med i Energi- og industrikomitéen.
Lowzow var elles styreformann 1975-87 for Sentralsykehuset i Akershus, og medlem 1978-84 av landsstyret i Høgre.
Carl Fredrik Lowzow og Wenche Lowzow var tremenningar.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Folk frå Oslo