Per Almar Aas () var ein norsk arbeidar, skulemann og politikar frå Ballangen i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti og Troms fylke i fire samfulle periodar frå 1973 til 1989.

Aas var son til ein småbrukar og skomakar. I tida 1945-50 arbeidde han på gard, i skogen og i handverksproduksjon i heimbygda. Han jobba i 1951 ei kortare tid i Snåsa, før turen gjekk til Ørsta og Volda. Etter tre år der med mellom anna fabrikkarbeid, gjekk han skuleåret 1954/55 på Fredheim folkehøgskule. Frå 1955 til utdanna han seg på lærarskulane i Nesna og i Tromsø. I 1959 vart tilsett som lærar ved Fauskevåg skole i Harstad, sidan var han styrar av same skulen i tolv år til 1973.

Aas var medlem i Harstad bystyre 1968-75, og åra 1970-73 landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti. Hausten 1973 vart han vald til å representere partiet og Troms fylke på Stortinget. Dei neste seksten åra var Aas medlem i Samferdslekomitéen på Tinget, den siste fireårsperioden som sekretær i komitéen.

Frå 1991 til -98 var Aas driftsleiar ved Nord-Hålogaland Stiftsgård. Han var elles medlem av Riksrevisjonen 1991-94, og hadde plass i Noregs Bank sitt representantskap frå 1998 til 2002.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Folk frå Ballangen Kategori:Folk frå Harstad