Handa frå grava Systema "Perimetr", lit. "Perimeter" System, med GRAU Index 15E601,Literally, "Perimeter System" òg kjend som Perimeter, er eit automatisk kommando- og kontrollsystem for kjernefysiske interkontinentale ballistiske missil. Systemet er eit godt døme på MAD mutual assured destruction - avskrekking-konseptet som tyder at alle er sikre på å verta utsletta dersom nokon av atommaktene skulle freista å slå til med eit massivt angrep først. Systemet kan automatisk skyte ut alle russiske interkontinentale ballistiske missil (ICBM) ved å sende ut naudsynte avfyringskodar til missila dersom sensorar oppdagar mange kjernefysiske eksplosjonar på russisk jord.

Radiologiske sensorar frå mange stader i Russland les strålingsnivået og samanliknar dette med normalen. Andre sensorar samanliknar seismikk, lysforhold og lufttrykk. Alle data frå slike sensorar vert overførde til ein sentral med ei datamaskin som kan avgjere om Russland har vore utsett for eit atomangrep eller ikkje utan at personar er til stades i kommandosentra. Dersom svaret er ja, vert rakettar sende opp med utløysingskodar til alle missila som vert styrde mot mål som er programmert inn på førehand. Ein vonar at dette systemet ikkje er aktivt heile tida, men vert aktivert ved farlege kriser. Ein trur likevel at systemet vert halde ved like og er klart til bruk i 2017..

Eit liknande system fanst i USA, og var kalla Emergency Rocket Communications System (ERCS).

Referansar

Kategori:Det russiske forsvaret Kategori:Strategiske rakettstyrkar