Erland Steenberg () var ein norsk revisor, meklar og politikar, fødd og død i Nedre Eiker. Han representerte Senterpartiet og Buskerud fylke på Stortinget i perioden 1965-77, nestformann i Senterpartiet 1967-77.
Steenberg var son til ein gardbrukar. Etter å ha fullført handelsgymnas i 1939 var han tilsett ved Noregs Bank si avdeling i Drammen til 1947. I tida 1943-68 dreiv han eiga revisorforretning.
Åra 1960-67 var medlem i Nedre Eiker heradsstyre, vald for Senterpartiet. Frå hausten 1965 var han stortingsrepresentant i tolv år. Dei fyrste åtte åra på Stortinget var han sekretær i Finanskomiteen, sidan medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var nestformann i Senterpartiet frå 1967 til han sa frå seg attval på landsmøtet i 1977. Dessutan var han parlamentarisk leiar i valperioden 1973-77, og visepresident i Odelstinget i valperioden 1969-73.
Etter han gjekk ut av Stortinget var Steenberg direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund frå 1978 til han i 1986 gjekk over til å drive eige firma som statsautorisert eigedomsmeklar i Nedre Eiker dei neste ti åra.
Steenberg var elles medlem av fylkesskattestyret i Buskerud 1955-63, av ein valordningskommisjon 1968-73 og var ein av riksrevisorane i Riksrevisjonen 1978-90.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Nedre Eiker