Gammaflexiviridae er ein virusfamilie som soknar til ordenen Tymovirales. Den einaste kjende slekta i familien er Mycoflexivirus, med Botrytisvirus F som einaste typeart. Soppar fungerer som naturleg vert.
Virusa er ikkje kapsla og har ein kurva, trådforma geometri. Dei har ein diameter på 12-13 nm og ei lengd på 720 nm. Genoma er lineære, måler omkring 6,8 kb og har 2 opne leserammer.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gammaflexiviridae» frå , den 24. februar 2017.
Kategori:Tymovirales Kategori:Virusfamiliar