Aleksander Aamodt Kilde () er ein norsk alpin skirennar frå Bærum som vann verdscupen i alpine greiner 2020. Han er medlem i Lommedalens IL.
Karriere Kilde sigra vinteren 2016 i to renn i verdscupen i alpine greiner, det fyrste i eit utforrenn og det andre i super-G. Med fleire gode plasseringar i super-g-tevlingane vann han super-g-cupen og han enda på sjuandeplassen i kampen om fyrstepremien i verdscupturneringa. I 2020-sesongen presterte Kilde jamt godt både i yndlingsøvinga super-g, utfortevlinga og storslalåmrenn, nok til å vinne ein knipen siger i verdscupen framom franske Alexis Pintureault og med sin eigen landsmann Henrik Kristoffersen på tredjeplass.
Kilde har pr 2020 delteke i to olympiske vinterleikar og tre verdsmeisterskap, utan å kome på medaljeplass. Under verdsmeisterskapen i alpine greiner 2017 vart Kilde nummer fire både i super-g og i kombinasjonstevlinga, dessutan vart han sjettemann i utforrennet.
Verdscupsigrar i enkeltrenn Dato Stad Land Øving 30. januar 2016 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Utfor 27. februar 2016 Hinterstoder Austerrike Super-G 15. desember 2018 Gherdëina Italia Utfor 14. februar 2020 Saalbach-Hinterglemm Austerrike Super-G
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aleksander Aamodt Kilde» frå , den 13. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Noregsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2014 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2022 Kategori:Folk frå Bærum