Adolph Jørgen Prante () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen som møtte på Stortinget i tida 1859-66.
Prante var son til ein kjøpmann, og dreiv sjølv i handelsbransjen. Dessutan var han lærar ved latinskulen og handelsskulen i Bergen. Han var medlem av bystyret i Bergen.
På tingsamlingane 1859-60, 1862-63, Omframtstortinget 1864 og Stortinget 1865-66 var Prante ein av fire representantar frå Bergen by. Han var medlem 1859-60 av Budsjettkomiteen, sekretær 1862-63 i Næringskomite nr 1, medlem 1862-63 av Matrikkellovkomiteen og 1865-66 av Konstitusjonskomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Folk frå Bergen