Jan Olav Fretland () er ein norsk høgskulelektor, kultursjef og målreisingsmann. Han er busett i Lærdal.
Liv og virke Fretland vart fødd i Lærdal. Han vart cand. phil. ved Universitetet i Oslo i 1977. Fretland har vore knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 1986, frå 1991 som førsteamanuensis i norsk, seinare dosent i norsk fagdidaktikk. I perioden 1988-1991 var han kultursjef i Lærdal. Fretland var rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1994-2000.
Han har hatt ei rad offentlege tillitsverv knytt til målsak og språkrøkt, m.a. leiar i Noregs Mållag 1993-1994, styremedlem i Språkrådet 2000-2010, medlem i Kringkastingsrådet frå 2002 til 2005. Fretland har gjeve ut ei rad bøker, m.a. i undervisningsprosjektet «På saklista».
Prisar og utmerkingar
1996: Ivar Aasen-prisen, den første utdelinga av denne prisen, for arbeidet sitt med Aasentunet og arbeid for nynorsk i offentleg forvaltning. 2006: Fortidsminneforeningens heidersnål, for arbeidet sitt som prosjektleiar for Besøkssenteret til Borgund stavkyrkje.
Privatliv Fretland er gift med Anna Jorunn Avdem og far til Jostein Avdem Fretland.
Bibliografi Bøker
Kjelder
Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Leiarar av Noregs Mållag Kategori:Rektorar ved universitet og høgskular i Noreg Kategori:Folk frå Lærdal Kategori:Forfattarar frå Lærdal Kategori:Målfolk