Pirkko Määttä () er ein finsk tidlegare langrennar frå Kuusamo som vann gull, sølv og bronse under Ski-VM 1989 i Lahti, og dessutan to OL-bronsar i stafett.
Määttä deltok i internasjonalt langrenn gjennom femten sesongar til 1995. Fram til 1988 høyrde ho til sjiktet like bak verdseliten i langrenn, men då ho jamnt var med på Finlands stafettlag i dei store meisterskapane, sanka ho olympisk bronsemedalje i 4 x 5 km stafett både under Sarajevo-OL 1984 og Calgary-OL 1988. Den store framgangen kom då Ski-VM 1989 fann stad på heimebane i Lahti. Her syrgde dei finske kvinnene for storeslem i 10 km klassisk stil, med gull til Marja-Liisa Kirvesniemi, sølv til Määttä og bronse til Marjo Matikainen. Fire dagar seinare stakk dei same tre også av med alle medaljane på 15 km, då med Matikainen føre Kirvesniemi og med Määttä på tredjeplass. Dei same tre utøvarane, pluss Jaana Savolainen sikra deretter finsk siger på stafetten.
Inn på 1990-talet høyrde Määttä framleis med mellom dei utøvarane som kunne knipe ein medalje eller ein pallplass i tevlingar i klassisk stil, men som i beste fall hamna på ein 6.-8.-plass.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1982 i Oslo: Nr 4 i 4 x 5 km stafett Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Bronsemedalje i 4 x 5 km stafett, nr 9 på 20 km Ski-VM 1985 i Seefeld in Tirol: Nr 4 i 4 x 5 km stafett Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Nr 8 på 10 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Bronsemedalje i 4 x 5 km stafett, nr 7 på 10 km Ski-VM 1989 i Lahti: Gull i 4 x 5 km stafett, sølv på 10 km klassisk stil, bronse på 15 km Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Nr 5 på 15 km Vinter-OL 1992 i Albertville: Nr 4 i 4 x 5 km stafett, nr 17 på 15 km Ski-VM 1993 i Falun: Nr 6 på 5 km og 7 på 15 km Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Nr 4 i 4 x 5 km stafett, nr 9 på 5 km Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Nr 8 på 15 km
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Finske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994