mini|234px|Bustadområde mini|234px|Hamn mini|234px|Frå Al Khor-cornichen
Al Khor er ein kystby nord i Qatar, 50 kilometer nord for hovudstaden Doha. Han er kommunesenteret i kommunen Al Khor. Namnet på byen tyder 'bekk' på arabisk, sidan byen ligg ved ei lita elv. Al Khor er heimstaden til mange tilsette i petroleumsindustrien, sidan han ligg nær dei nordlege olje- og gassfelta i Qatar og Ras Laffan industriby.
Historie Al Khor vart styrt av Al Muhannadi-stamma før sjølvstendet til Qatar i 1971, og denne stamma styrer framleis i dag. Ein trur at Al Muhannadi-stamma som budde i Al Khor oppstod på 1700-talet. Stamma består av sju beduinfamiliar. I dag kjem dei fleste innbyggjarane i Al-Khor frå denne stamma.
J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Khor (då kalla Khor Shaqiq) i 1908:
Turistmål Al Khor er kjend for Al-Sultan strandhotel, eit palass som er omgjort til eit hotell, og for dei mange moderne og historiske moskeane. Hovudnæringa i byen er fiske. Det finst mange strender kring Al Khor, og i strendene i sør er det mange strandhus som innbyggjarar i byen og Doha eig.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Khor (city)» frå , den 20. mars 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader i Al Khor Kategori:Byar i Qatar Kategori:Kystbusetnader i Qatar