Thorvald Mejdell () var ein norsk forstmann frå Ringsaker.

Far til Mejdell var offiser i militærvesenet. Sjølv tok han andreeksamen i 1842, og vart cand.min./mineralog i 1847. I åra fram til 1852 var han så skogforvaltar for Kongsberg Sølvverk.

Deretter studerte Mejdell i tre år ved forstakademiet i Tharandt i kongeriket Sachsen. I 1855 vart han hyrt til rådgjevar i Indredepartementet. Saman med Jacob B. Barth vert han rekna som grunnleggjar av skogforvaltninga i Noreg. Han var forstmeister i Hedmark frå 1857 og i tida 1861-75 også for dei skogseigedomane Kyrkjedepartementet rådde over. Deretter arbeidde Mejdell i tida 1875 til 1892 for det privateigde skogselskapet Kiær & Co.

Mejdell gav i 1858 ut boka Om Norges Skove. Han levde ugift, og døydde 84 år gammal i Kristiania.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske forstfolk