Sjur Lothe () var ein norsk kjøpmann og forfattar frå Haugesund.
Lothe var son til ein kjøpmann i Haugesund, og tok i si tid over verksemda etter faren. Attåt skreiv han romanar og forteljingar der han syner fram folkelivet i eit småbymiljø på det norske Vestlandet. Mellom bøkene hans er Byen og banken (1927), Det blir aldri som før (1938) og trilogien Underveis, Mot målet og Den nye dag (1949–52), som er lagt til 1830-åra. Skodespelet «Herborg og Vigleik» vart framført på Det Norske Teatret i 1954.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Haugesund