Qalat (persisk قلات, qalāt) er provinshovudstad for Zabol i Afghanistan. Han ligg sentralt i landet, 300 km sørvest for hovudstaden Kabul. Qalat har innbyggjarar (2015). Dei fleste innbyggjarane er pasjtunarar. Byen har vegsamband med Kandahar i sørvest og Ghazni i nordaust via hovudvegen Ring Road. Qalat lufthamn ligg i nærleiken av byen.

Qalat er også kjend som Qalāt-e Ghiljī, Qalāt-e Tokhī. Qalāt kan også skrivast Kalāt. Namnet tyder 'festning'. Festningen som ligg i åssida over Qalat skal ifølgje soga vera bygd av Aleksander den store.

Det noverande byggverket blei reist under britane på 1800-talet. Han er blitt brukt, også i nyare tid, av sovjetarar, talibankrigarar og USA-amerikanarar.

Historie

16. april 1857 vitja eit britisk sendebod gjennom byen, på veg til Kandahar for å inngå ein avtale mellom dei britiske styresmaktene i Peshawar og emiren av Kabul.

Emir Sher Ali Khan erobra byen den 22. januar 1867. Sonen hans, Mahomed Ali, blei drepen i slaget. Det var onkelen hans som drap han, og onkelen blei seinare også drepen.

I 2005 var Qalat base for amerikanske styrkar som kjempa mot Taliban. Den første flyplassen i provinsen, Qalat lufthamn, blei bygd i 2006. Han var eit av fleire prosjekt som fann stad under det amerikanskleidde Provincial Reconstruction Team Zabul, som var verksame her fram til 2013. Mellom anna blei det bygd ein jenteskule for å betra tilgang til utdanning i området. Fleire program for å betra tilgangen på reint vatn blei også starta rundtom i byen. I 2009 blei eit prosjekt som gav sjukehuset Qalat City Hospital reint drikkevatn fullført. Nokre av prosjekta har likevel fått kritikk. Utviklinga av eit økonomisk distrikt i byen tok tre år å fullføra og kosta rundt ti millionar dollar, men bygningane blei for det meste ståande tomme. Anten var det ikkje bruk for dei eller ein mangla lokal kunne til å vedlikehalda dei.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Qalat, Zabul» frå , den 26. mars 2017.

Kategori:Zabol-provinsen Kategori:Byar i Afghanistan