Godøya er den vestlegaste av øyane i Giske kommune. Ho er 10,87 km² stor og har 1223 innbyggjarar (2024). Fiske og fiskeforedling er dei viktigaste næringsvegane, og banklineflåten i Geilevika er av ein dei største i Noreg.

Geografi Godøya har vegsamband gjennom tunnel til Giske. Landskapet er berglendt og Storehornet (497 moh.) er det høgaste punktet. I søraust finn ein god dyrkbar mark i kystsona. I fjella finst fiskevatn.

Øya var del av Borgund kommune fram til 1908.

Kultur Eilivrøysa i Godøytun sør på Godøya er ein gravhaug frå bronsealderen. I nærleiken ligg òg eit lite museum.

Ytst på Alnes, nordvest på øya, står Alnes fyr som er freda. Også lyngheia rundt er verna.

Folketal Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 220 396 1080 1223

Bilete Sørsida av Godøya fotografert frå Hurtigruta på veg inn til Ålesund.

Kjelder

«Øyriket Giske» på giske.kommune.no

Kategori:Øyar i Giske