Al-Wakrah (òg skrive Al Wakra, arabisk skrift الوكرة) er hovudstaden i Al Wakrah kommune i Qatar. Austsida av Al Wakrah ligg ved kysten av Persiabukta. Byen vert styrt av sjeik Abdulrahman bin Jassim Al Thani, og var opphavleg ein liten fiske- og perlelandsby. I løpet av åra har han utvikla seg til ein liten by med meir enn 30 000 innbyggjarar, og vert rekna som ein av dei store byane i Qatar.
Historie
Byen var historisk eit senter for perlefiske i åra då den qatarske økonomien var heilt avhengig av perleindustrien. I 1898 var det kring 200 båtar i nærleiken mellom Al Wakrah og Al Bidaa. I 1925 var det 250 båtar her.
mini|venstre|Al Wakrah fort i 1908.
Idrett Idrettsklubben i Al Wakrah er Al-Wakrah Sports Club, og fotballaget deira spelar på øvste nivå i Qatar. Heimebanen er Al-Wakrah stadion, som kan nyttast til fleire føremål. Kapasiteten er i dag 20 000 tilskodarar, men det er planar om å utvide dette til 43 500 for fotball-VM 2022.
Venskapsbyar
Ramsar (2010) Djougou (2014)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Al Wakrah» frå , den 31. mars 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Qatar Kategori:Busetnader i Al Wakrah Kategori:Kystbusetnader i Qatar