Siv Ellen Kraft () er ein norsk religionshistorikar og spesialist på nyreligiøsitet og samtidsreligion. Ho er professor ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø
Siv Ellen Kraft tok i 1993 hovudfag i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen om Teosofisk Samfunn i Norge. En samtidssanalyse. Ho var frå 1995 til 1998 doktorgradsstipendiat og disputerte i oktober 1999 med avhandlinga The Sex Problem. Political Aspects of Gender Discourse in the Theosophical Society, 1875 - 1930. Frå februar 1999 til desember 2000 var ho førstelektor ved seksjon for religionsvitskap i Bergen, og vart frå januar 2001 tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Ho fekk opprykk til som professor frå 2011.uit.no Biografiside ved Universitetet i Tromsø
Saman med Bjørn Ola Tafjord var ho ansvarleg redaktør for DIN Tidsskrift for religion og kultur.
Ho var i 2011 fagleg leiar for forskarskulen CEPIN.
Han vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (2020).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Siv Ellen Kraft» frå , den 2. april 2017.
Bakgrunnsstoff
Artikler i forskning.no om Siv Ellen Kraft
Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Studentar ved Universitetet i Bergen Kategori:Norske religionshistorikarar