mini|Ikon av Kristus brudgom ved Gravkyrkja i Jerusalem.
Heilage måndag eller store måndag (gresk Μεγάλη Δευτέρα, Megale Deutera) er måndagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen. I austleg kristendom er det den tredje dagen av den stille veka, etter lasaruslaurdag og palmesundag. I vestleg kristendom er det den andre.
Ifølgje evangelia i Det nye testamentet fann fleire viktige hendingar stad på heilage måndag: Forbanninga av fikentreet (Matt. 21:18-22, Mark 11:20-26), utspørjinga om plassen til Jesus (Matt. 21:23-27), utdrivinga av pengelånarane frå tempelet og forteljinga av ulike likningar, ut frå kva evangelium ein les.
Austleg kristendom
I ortodoks kristendom og i orientalske katolske kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus blir dagen kalla «store måndag» eller «store og heilage måndag». Denne dagen er til minne om forbanninga av fikentreet som ikkje bar frukt, eit symbol for dommen mot dei som ikkje ber frukta anger. Hymnene denne dagen er til minne om Josef, son av Jakob, som leid uskuldig for handa på brørne sine og mot falske anklager. Dette er sett på som ein typologi for Jesus si lidingssoge.
Ottesonggudstenesta frå måndag til onsdag i den stille veka er kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna, noko som blir uttrykt i ein troparion ein messer ved byrjinga. Eit ikon av Kristus brudgom, kledd i lilla kappe med tornekrone på hovudet, blir plassert på ein analogion i midten av tempelet. Ein les Matt. 21:18-43 ved denne gudstenesta.
Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. Tekstane kan delast inn på ulike vis, men på måndagen les ein gjerne Matteusevangeliet og første del av Markusevangeliet. Ved den sjette timen les ein også Esekiel 1:1-20.
Vestleg kristendom mini|Kristusfigur frå eit opptog i Ceuta.
I den katolske kyrkja les ein Joh. 12:1-9 ved messa, som tek for seg oppvekkinga av Lasarus. Kronologisk fann denne hendinga stad før Jesus reid inn i Jerusalem (Joh. 12:12-19), som blir feira på palmesøndag. Andre tekstar ein les er Jesaja 42:1-7 og Salmane 27:1-3, 13-14.
Revised Common Lectionary, fastsetjinga av prekentekstar brukt i mange anglikanske, metodistiske, lutheranske, gammalkatolske og reformerte kyrkjer, har Jesaja 42:1-9, Salmane 36:5-11, Hebrearbrevet 9:11-15 og Joh. 12:1-11 som tekstar for denne dagen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Holy Monday» frå , den 3. april 2017.
Kategori:Påske Kategori:Måndag