Johannes Andreasson Bøe () var ein norsk lærar og politikar frå Herøy i Møre og Romsdal, som hadde det yrkesaktive livet sitt i Jevnaker i Oppland. Han representerte Oppland og Arbeidarpartiet på Stortinget i åra frå 1925 til 1945, og var ordførar i Jevnaker 1922–25 og 1946–47.
Liv og virke Bøe var son til ein gardbrukar på matrikkelgarden Indre-Bø i Herøy på Sunnmøre. I 1900 gjekk han mellomskulen i Volda, og tok i 1905 eksamen ved lærarskulen på Elverum. Dei neste åra var han lærar i Ålesund 1906, Balsfjord 1907-08, på Moldtustranda i Herøy 1909-11, Nordre Land 1911-14 og i Eidskog 1915. Frå hausten 1915 underviste han ved Randsfjord skule, i tida 1920-42 som fyrstelærar. Under andre verdskrigen var han aktiv i motstandsrørsla. Frå 1948 var han leiar av Noregs Bank si avdeling på Gjøvik.
Åra 1918-22 var Bøe formann i Jevnaker skulestyre. Han var varaordførar i heradet 1919-22 og deretter ordførar 1922-25. Hausten 1924 vart han så vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet frå Oppland fylke, og sidan attvald ved dei neste fire stortingsvala. På Stortinget var han medlem i Landbrukskomiteen fram til 1930, deretter hadde han plass i Administrasjonskomiteen, frå 1937 som sekretær. Utanfor Stortinget var han elles medlem i Barnetrygdkomiteen av 1934.
Etter kommunevalet hausten 1945 kom Bøe tilbake som ordførar i Jevnaker 1946–1947. Han var formann eller sekretær i Jevnaker arbeiderparti gjennom fleire år, og i styret til Oppland Arbeiderblad.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Jevnaker Kategori:Ordførarar i Jevnaker Kategori:Norske motstandsfolk